Skøyter » Kunstisbane

Kunstisbane

24.01.2005 20:14

På sikt er det planlagt en kunstisbane på Follo.

[bilde l sk%f8ytebane1.JPG]Mads Løkeland ved Orkdal Vidaregående Skole er primus motor for prosjektet. Det er søkt om tippemidler.

Her er et utdrag fra presentasjonsbrosjyren for prosjektet:


Innleiing
Follo kunstisbane, lokalisert til Orkdal vidaregåande skole, er ein del av eit større prosjekt, som
også omfattar fjernvarme, undervisningsanlegg for varmepumpe / kjemiske prosessfag og
Vitensenter for varmepumpe og alternativ energi.
Kunstisbanen blir ein rundbane på 4200 m2 som tilfredsstiller krava til "andre hurtigløpsbaner",
ishockey, curling, kortbanesprint. I tillegg blir den eit nærmiljøanlegg for isleik og
skøyteaktivitetar for alle årsgrupper.
For å halda banen islagt, må ein ta ut store mengder varme. På det meste 930 kW. Denne varmen
(65 – 68oC) blir levert til oppvarming av Orkdal vidaregåande skole, Evjen skole og barnehage og
fleire bustadområde i nærleiken. Denne delen kan bli ansvaret til Orkdal fjernvarme AS.
I tillegg vil anlegget levere lågtemperatur varme (25 – 30oC) som undervarme til grønsakproduksjon
hos Per Arne Melby, nabo til Orkdal vgs. Tanken er her å forlenge vekstsesongen på
inntil 90 mål.
Kuldeanlegg / varmepumpe blir utforma slik at det kan egner seg undervisning for kjemiske
prosessfag og for opplæring i varmepumpeteknikk. Det blir lagt vekt på å få mange målepunkt og
presentere energistraum, temperatur og funksjon på ein pedagogisk god måte, både for dei som
besøker anlegget og for dei som vil følgje anlegget via internett.
Det er målsettinga at dette anlegget blir ein integrert del av eit Vitensenter for varmepumpe og
alternativ energi.
Denne rapporten er ein delrapport av eit forprosjekt som også skal behandle etablering av eit
Vitensenter for varmepumpe og alternativ energi.
Det er gjeve økonomiske bidrag til forprosjektet frå Orkdal Energi, Trønderenergi, Orkdal
sparebank, Sør Trøndelag fylkeskommune, Orkdal vidaregåande skole og Orkla Exolon. I tillegg
stiller Vigor og Thams med teknisk kunnskap.
Konklusjon
Kalkylane viser at det ser ut til å vera økonomi i prosjektet, forutsett at ein får kopla på dei kundane
som er sett opp i rapporten.
I så fall får den kunstfrosne isbanen gratis islegging og fri delfinansiering som betaling for
energileveransar til fjernvarmeanlegget.
Prosjektet vil også medføre ein vesentleg nedgang i total energibruk for oppvarming på Orkdal
vidaregåande skole, Evjen skole og barnehage og bustader.
To aktuelle organisasjonsformer for anlegget:
1. Orkdal Energi og Orkdal fjernvarme har det økonomiske driftsansvaret for heile anlegget,
bortsett frå sjølve isbanen, og at OVS kjøper energi til ein avtalt pris.
2. Orkdal Energi / Fjernvarme og OVS driv anlegget på skolens område gjennom felles
driftsselskap, mens Orkdal fjernvarme står for all distribusjon.